Eg har ei tenesta stor for Gud
frå dag til dag i det stille,
der kvardagskleda vert høgtidsskrud
og livsens småting så gilde.
Ja, skal eg eingong det store få,
eg må med truskap i alt det små
i Jesu fotefar lydig gå
(x2) og vilja det Jesus ville.
Når då eg spør meg kvar arbeidsdag:
Kva ville Jesus vel gjera?
Så gjev han livsmod og arbeidslag,
så livet provar mi læra.
Om av og til det vert kvardagsgrått,
så det i striden går tungt og trått,
med bøn og bibel vert allting godt
(x2) for Jesus vil krafta vera.
I alt Guds vilje er underfull,
Han har til ordet seg bunde,
der perlesteinar og sylv og gull
til livsens byggverk vert funne.
Og når det eingong for alvor gjeld,
og livet prøvast skal gjennom eld,
Guds eige byggverk si prøva held.
(x2) Av småting vert storverk vunne.
Så er mi tenesta stor for Gud,
og heimen han er mi kyrkje,
der arbeidstrøya er presteskrud
i alt mitt ærlige yrke.
Så er det heime i stova fred,
til alt mitt arbeid stig englar ned,
dei har Guds rike velsigning med,
(x2) som dagen så er min styrke.
Matias Orheim 1920